Emma Lervik fortel frå sitt liv:

Eg er fødd i Sør-Heggdal, far kjøpte gard av Karolus Heggdal i 1903, og eg er fødd i 1906. Han vart gift i 1904 med Ingeranna Klauset. Men når eg var to år måtte vi flytte frå garden, for det var ei som hadde rett til garden som kom og tok over, sjølv om ho hadde sagt at ho aldri kom til å gjere det. Så det var ikkje noko å stole på den gongen, men det kom vel av at det var nokre karar ”inna fjordå” som hadde lyst å få tak i skogen på denne garden, og dermed lokka dei ho til dette. Så vi budde i to år på Klauset med besteforeldra mine. I 1909 kjøpte far garden på søre Opstad, for han som eigde denne garden hadde vore i Amerika og tatt seg jord der, og kom til at han ville flytte dit med heile familien. Dei budde saman med oss til 1910, då dei reiste til Amerika. Så eg vaks opp på søre Opstad og gjekk på skule i Heggdalsvika, eller det var vel Heggdal dei kalla det.

Eg gjekk for presten på Aukra i 1922, og vart konfirmert i Otrøy-kyrkja. Eg tenkte det når eg var ferdig med skulen at eg skulle gå vidare på skule, snakka litt om å bli lærarinne, men når eg kom på folkehøgskulen på Aukra vart eg frårådd å gå på skule. I vår kommune gjekk det seks ledige lærarar, ja, om alle var ferdig med lærarskulen er eg ikkje så sikker på, så det fanst ikkje framtid i å utdanne seg til lærar då akkurat. Så eg slutta meg med det.

Eg hadde allereie så smått begynt å sy, både til meg sjølv og litt til andre, men eg tenkte ikkje det var noko framtid heller. Men så kom eg inn til Åndalsnes, første tida eg var der stod eg i ein butikk. Då begynte vi å nærme oss 30-åra og det var dårlege tider, det var mykje ledigheit og lite pengar blant folk, så eg syntes ikkje det var noko artig heller. Så tok eg og starta opp med mi eiga systue, og tok inn elevar, tre om gongen. Dette syntes eg var interessant, sjølv om eg hadde mykje arbeid etter at andre slutta om kvelden. Det var mangt som måtte takast opp igjen. Men det gjekk godt i nokre år, eg var der over tre år. Men så reiste eg heim til jul, og vart liggjande sjuk heime, og når eg kom til doktor kunne han fortelje at eg hadde vore borti giktfeber, så eg måtte berre begynne å ta det med ro. Så det vart til at eg reiste ikkje inn igjen til Åndalsnes, der eg skulle få meg ei ny systue hos ein gammal kjenning av far som hadde flytta til Åndalsnes. Han var gift men hadde ikkje barn, dei vart så interessert i at eg skulle drive med noko der. Han hadde forretning ”nedpå Vollå”, som dei sa, og han skulle innreie oppe på butikken, og der skulle eg får vere. Men same kven han skulle snakke med og få gjort dette, så var det streik. Så det vart ikkje til at eg reiste inn igjen, men eg begynte å reise rundt på gardane og sy. Det gjekk bra, for eg slapp å betale husleie då.

Då Knut kom heim frå Amerika vart eg kjend med han, og vi gifta oss i 1934. I 1935 kjøpte vi denne garden i Drynjasundet. Vi fekk to barn, dattera er eldst, og ho flytta til Oslo når ho vart vaksen og arbeidde i telegrafen der. Hallkjell, som er nummer to, fekk gjere som han ville om han ville ha denne garden, for det var ikkje noko gullgruve den tida det heller. Første mjølkeoppgjeret vårt fekk vi 6 øre literen, men det begynte heldigvis å gå oppover, og her var mulegheiter til å dyrke jord og få denne garden meir lønnsam. Så vi sleit no heile livet vårt her.

I 1925 kjøpte Samson Misund båt saman med Gangstad-Tomas. Dette var så seint, at dei hadde ikkje ordna seg med mannskap, så dei måtte til å få tak i eldre fiskarar som hadde slutta, deriblant var han far. Og så hadde dei ikkje kokk. Eg kom akkurat heim frå folkehøgskulen og var først kokke på Finnøya, utpå Kvitebua, dei kalla, hos Evensen. Det var ein styggeversvinter, og når dei var ferdig med sildefisket, skulle dei prøve torskefisket. Då hadde dei fått seg mannskap han Samson og Tomas, han hadde forresten ein son som var med, og så vart som sagt far med. Han fekk då meg til å flytte direkte frå Finnøya og på Grøtholmen, det var den minste holmen som var der ute, der hadde han Samson ei rorbu. Den hadde ikkje vore brukt på mange år, så når vi kom dit den ettermiddagen stod døra open, for hengsla hadde gått klar. Vi skulle inn for å sjå kvar vi skulle bu, men der hadde husøyingane hatt sauene sine, så det første vi måtte gjere var å få vekk tallen, så måtte det gjerast reint og vaskast, så det gjekk an å ligge der. Dette var ein holme, så det var ikkje vatn, så det måtte dei hjelpe meg med, for eg klarte ikkje dette åleine, så far i alle fall måtte hjelpe meg. Dei måtte om bord i båten, i ”Stauå”, der måtte dei finne skrape, så vi måtte skrape langt oppover veggane. Det var eit forferdeleg arbeid den natta. Så ein fekk ikkje vere kresen. Det var ein ovn inne der, rusta og stygg, men han vart no bedre etter kvart som han vart brukt. Men å vere kokk der var ikkje enkelt. Huset var akkurat så stort at det var plass til mannskapet på 6-7 mann, det var berre eit rom. Eg hadde ei krybbe borti ovnskråa. Det vart no så pass reint at vi kunne ligge der, men noko sunt var det ikkje. Det var koiar på veggane, og alle måtte ordne seg med bolster, halmebolster. Alle måtte reie opp si eiga seng. Det var to andre buer på same holmen. Det var Jordmor-Jørgen, han var næraste. Der var Olina på Akslahaua kokke, og eg og ho var søskenbarn og godt kjent, så eg låg vel oftare nede hos ho enn eg låg der opp, for det var ei bu som hadde vore i bruk kvar vinter, så det var sunnare der. Den andre bua veit eg ikkje sikkert kven det var som åtte, men det var Kleivan som var der den vinteren. Det var mange artige episoder som hendte der ute.

Andre året kokte eg til Løkaå, det var på holmen attmed, på Lyngholmen. Det var dei og han Selvik som hadde kvar si bu der. Eg hadde det artig når eg var saman med Løkaå, for dei var lettliva folk. På Løkabua var bua og der dei låg i andre etasje og i første etasje var det sjøbu, der hadde dei fisken. Tredje året var eg på Flatholmen, på den bua som Kleivan leigde då. Det var han Rabbe-Jørg som hadde den ein gong i tida, men det var så lenge sidan at far var i lag med han om båt, så det var vel før far flytta inn til Heggdal. Så eg var der i 1925,-26 og –27.

Eg huskar stormnatta når dei kom bort på sjøen tautringane. Alle hadde lagt seg om kvelden så nær som han Lars (Heggdalsvik). Eg hadde ikkje kledd heilt av meg, for eg låg no i same rommet som karane. Men han Lars ville ikkje sløkke lampa, og ikkje ville han legge seg heller, men han hadde no kledd av seg litt. Då begynte det å blåse slik at huset rista, og då sa han Lars: -Eg skal sei dåkkå det, kara, at i natt går det ikkje vel. Då hadde han det ikkje godt kan du tru, han hadde tre gutar som var på sjøen. Han visste at han Selvik ikkje var kommen inn, men dei som var på Myklebust visste han ikkje noko om, for det var ikkje forbindelsar som det er i våre dagar. Men så begynte han å kle på seg, og sa at han ville ut. -Då skal du i alle fall ikkje gå åleine, sa eg, -for eg skal kle på meg og vere med deg, eg og. Vi gjekk ut, og der var ein stor stein ovanfor rorbua som vi va i. Attmed den steinen var det så forskjellig, for det var ikkje do eller noko utpå der. Vi sa at vi måtte no vere attunder den steinen, men vi måtte no passe oss kvar vi trødde. Vi hadde på oss oljekle og støvlar, men når vi kom opp til den steinen bles det sånn at vi måtte huke oss ned både eg og Lars, men når det letta litt reiste vi på oss. Når vi såg utpå havet, på skyane, eg har aldri sett noko så trist, for det var heilt svart og grått nedmed sjøen. Lengre oppe var det rødt, fleire rødfargar. Eg har aldri sett noko slikt. Så det synet har eg sett for meg i alle år sidan når det har vore styggever. Innimellom høyrde vi motordur, så vi tenkte at no kom dei vel inn att. Men det kom berre ein båt, og det var han Selvik. Så eg sa til Lars, for vi fraus sånn, at no måtte vi gå inn att, for no var Selvik kommen og då var dei komne inn både Olaf, bror min og han Ole, son til Lars. Det vart til at vi gjekk inn, men han Lars greidde ikkje å roe seg, han la seg ikkje før kanskje ei stund utpå morgonen. Han hadde desse to ute på Myklebust, som han ikkje visste kvar var. Han hadde det så vondt. Men det kom ikkje vekk nokon av hans folk. Men så kom morgonen, og folk stimla seg i hop og prata om kva dei skulle gjere, for det ryktast at tautringane ikkje var innkomne. Men så kom det andre ryktet som også var trist, det var at Lervik-Kristian, som også hadde båt, hadde mist ein mann. Det var han Johan på Langfeten. Han hadde to søner saman med seg, som såg at faren gjekk i djupet og ikkje kom att. Det var diskusjon blant skipperane om dei skulle ut og leite, men eg huskar ikkje kor det gjekk om det var ein båt som gjekk ut, for det hadde spakna litt då på morgonen. Kokken til tautringane var Malla Orset, som vart gift med Rasmus Opstad, ho var den siste som såg dei når dei gjekk, så det måtte vere trist. Det vart sagt at dei hadde det så artig kokkane når dei var uti øyane, men det var nok ikkje berre moro.

Eg huskar ein gong eg skulle vere med Amalie Orset oppå fjellet. Vi gjekk opp ei rås opp gjennom fjellsida, så det var veldig bratt og tungt å gå der. Men ho gjekk der kvar kveld opp for å mjølke, og ho sov saman med kyrne oppe i skuret. Han hadde vel funne tak i så mykje material at han hadde til tak på denne fjøsen, så der låg ho saman med kyrne, og mjølka og fekk dei ut på beite om morgonen, før ho gjekk ned igjen. Om kvelden gjekk ho opp igjen. Så ho var ikkje kvisam. Så var eg ein gong med Borghild Skotgard, som vart gift med Ottar Opstad, opp på Skotgard-setra. Der hadde dei som eit lite skjul attmed fjøset. Oppe på den setra var det veldig fint. Det var eit berg og nokre tuer sør for selet eller fjøset, og der sat vi om kvelden og såg. Det var fint ver og det gjekk båtar etter fjorden, så det var triveleg. Det var så godt å sitje der, det er så rart med fjellufta. Dette trur eg måtte vere rundt 1925. Eg var der berre ei natt, og eg sa det når eg kom ned igjen at eg kom aldri til å setre nokon gong. Det syntes eg ikkje var noko liv. I Heggdalsvika dreiv dei og med setring, men på den setra har eg ikkje vore, men i Sør-Heggdal der dei dreiv med setring. Den setra må vere bygd så langt tilbake som til mellom 1890-1900. For dei dreiv med setring når far hadde Heggdals-garden, i allefall. Der var det fin veg opp gjennom, og det var fjøs og sel, og det står den dag i dag. Eg har overnatta i det selet ein gong. Ungdomslaget var på fjelltur, og vi kom borti skodde. Nokon hadde allereie gått ned igjen, men det var ein del av oss som overnatta i selet. Det var eit kjekt hus, ikkje så lågt under taket, heller. Så der var det fint å overnatte. Men dei hadde slutta å setre då, dette var mellom 20- og 30-talet. På Klauset var det også seter, men der har eg ikkje vore. Så det var ein del som dreiv på gamlemåten, men det var tungt å fare med mjølka på fjellvegane, for dei ysta ikkje før dei kom heim. Så det vart meir og meir slutt med det, men inni fjordane driv dei vel med det endå kanskje. Peder Orset dreiv også nokre få år i slutten av 20-åra og hadde ungdyra på fjellet, for dei hadde beite der.

Eg huskar når Grand Hotell i Grandfjøra på Molde brann ned. Då stod vi oppi loftsglaset og såg på. Likeeins når keiser Wilhelm kom sør gjennom fjorden på krigsskipet sitt når krigen braut ut i 1914.